Spørsmål

Testar på krav:

  • 1.2.2 Teksting (forhåndsinnspilt)

Innhaldstype:

Lyd og video

Krav til samsvar:

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Førehandsinnspelt video med lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst, har alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting) skal:

  • Formidle innhaldet i lyd og bilde.
  • Innhalde følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.
  • Vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.

Tekstalternativ, alternativ kan videoen ha eit tekstalternativ som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande).

Tekstalternativet skal

  • vere koda som tekst.
  • formidle innhaldet i lyd og bilde og innehalde følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

Det er ikkje krav om eksakt attgiving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.