Spørsmål

Testar på krav:

  • 2.2.2 Pause, stopp, skjul

Innhaldstype:

Innhald som blinkar og/eller oppdaterer automatisk

Krav til samsvar:

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

  • For nettsider med innhald som oppdaterer seg automatisk, som blir vist saman med anna innhald og som ikkje er ein nødvendig del av ei handling, er ein av følgande oppfylt: 
    • Det finst ein mekanisme for å pause, stoppe, skjule innhaldet eller styre oppdateringsfrekvensen. Mekanismen ligg anten i direkte tilknyting til innhaldet, eller på starten på sida.
    • Det finst ein dokumentert tastatursnarveg for å pause, stoppe, skjule innhaldet, eller styre oppdateringsfrekvensen.